MENU

Kommentarer (0) Aktuelt, BPA-bloggen

Nyttårsforsett for BPA – desember 2018

Det er siste dagen i 2018, og eg har no hatt BPA i i 14 månader. Tida går fort, og eg har funne ut at det er mykje å lære, både av ting som ein må lese seg til, og anna som ein må erfare sjølv, ut i frå situasjonar som dukkar opp. I dette innlegget vil eg dele nokre av mine ynskjer for BPA-ordninga mi, og for BPA i samfunnet, i framtida. Kall det gjerne nyttårsforsett, om de vil.

1. Lese meg meir opp om arbeidsleiing, lover og reglar og BPA i samfunnet, fordi eg vil vete korleis ein går fram i ulike situasjonar før eg står oppi dei, og fordi eg vil verte flinkare på administrative oppgåver. Eg har fått skryt av Hege frå BPA-skulen, mykje på grunn av viljen min til å lære. Medarbeidsleiaren min, resten av jentene i teamet og kommunen hjelper meg mykje med reglane, sidan det heile er eit samarbeid. Eg kjem til å gå meir inn på arbeidsleiarrollen i eit seinare innlegg.

2. Hugse på at BPA er eit verkty og at det er mitt (vårt) liv. Desse to punkta var i utgangspunktet kvar for seg, men eg ser at dei heng tett saman, så difor går dei under eitt her. Ja, BPA er eit verkty, eit verkty for at me skal få leve det livet me vil, slik me vil det. For at me skal kunne jobbe, vere aktive i samfunnet, føle at me er ein ressurs og har ein verdi. Slik eg ser det, er ikkje BPA berre ein måte å organisere tenester på, men det er også eit frigjeringsverkty. Fri frå å leve livet på andre sine premissar (få hjelp til dei tidene det passar andre). Fri frå å måtte spørje kven som helst om hjelp (vener, klassekameratar, familie). Fri til å vere aktiv i samfunnet, det vere seg gjennom jobb, frivillig arbeid, og andre fritidsaktivitetar. Fri til å vere den DU er, og til å arbeide mot dei måla du har i livet ditt.

3. Hugse på at det er assistentane sin arbeidsplass. Det er difor ein har lover og reglar, og desse vil eg gjerne lære meg. Eg var veldig oppteken av punkt tre i oppstartingsfasen, og gløymde punkt to litt. Eg tenkte at i og med at assistentane var på jobb, så måtte dei ha noko å gjere på heile tida for å ha det bra, ellers ville dei kjede seg. Det tok ei stund før eg forstod heilt at det var mitt liv, og at eg bestemde. Det var jo ein heilt ny situasjon for meg, men no er eg flinkare til å hugse på meg sjølv og det eg vil, men eg må framleis øve på det.

4. Eg ynskjer at ein skal få det som ein har krav på utan å måtte slost med nebb og klør for kvar minste ting. Eg bur i ein veldig god kommune, eg opplever at dei som jobbar der ser meg og mine behov slik dei er, og at dei møter meg på ein god måte. Diverre er ikkje alle kommunar slik, og mange får ikkje den hjelpa og dei tenestene dei ynskjer eller treng. Då må dei kjempe, og det er slitsamt i lengda. Eg vil gjerne skrive meir omn dette i eit seinare innlegg.

5. Eg meiner at me må tore å ta eit steg ut i samfunnet, la samfunnet få sjå oss og ressursane våre. Det er klart at samfunnet har eit ansvar overfor oss, men eg meiner i tillegg at me har eit ansvar ovanfor samfunnet. Eg meiner at me, så langt det lét seg gjere, må syne samfunnet at me er her, og at me har ressursar som dei kan dra nytte av, uansett om dei må tilsetje oss med BPA eller ikkje. For korleis skal dei ha eit ansvar overfor oss, om me ikkje syner dei kva me er gode for. Og viss dei ikkje vil gje oss ein sjanse, må me berre ta han sjølve.

Ynskjer alle eit godt nytt år!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *