Ei soge om å vere sjølvstendig næringsdrivande

Det høyrest så grandiost og framifrå ut det, «sjølvstendig næringsdrivande». Men her kjem altså sanninga, berre vent og sjå! Innlegget i dag handlar i grunn ikkje om BPA, men det er BPA som gjer det mogleg at eg kan ha den jobben eg har.

Då eg skulle velje namn på firmaet mitt, tok eg meg ein lang køyretur i traxen min, slik eg ofte gjer når det er noko eg må fundere lengje og grundig på. Eg visste at eg ville ha eit namn som liksom sa «hei, her er eg!», istadanfor å ha eit namn berre for organisasjonsnummeret sin del. Eg ville også ha med namnet mitt, og noko som rima, om det lét seg gjere. Eg tenkte og tenkte på ord eg ville ha med… «ord, omsetjar, omsetjing, språkservice, språktenester, språkdoktor, språkhospital». Nei, alt høyrtest treigt ut, tykte eg. Eg ville ha futt! Så tenkte eg at kanskje eg måtte ta det her med rim på alvor. Eg var jo allereie inne på dette med språk. Ok, eit steg i rett retning. Tannhjula snurra og snurra, dess fortare dekka spann. «språk og surr», «språk og spik» nei, det høyrdest no heilt bånn i bøtta ut! Kven ville no ta oppdrag frå eit firma med slikt eit namn?! «språk og sprell», «SPRÅK & SPRELL», ja, det hadde schwung, og det rima! Eg var i mål! Så var det berre å registrere heile sulamitten i Brønnøysundregistra, så enkelt som berre det.

Eg starta opp på kontoret den 4. oktober 2017, ein månad etter at eg hadde flytta for meg sjølv, vorte arbeidsleiar i mi eiga BPA-ordning, og fått fire nye, herlege, men framande damer inn i huset mitt, og livet mitt. Då var alt datautstyret kome, og vart montert opp. Dette tok nokre dagar, medan eg sat og klødde etter å kome i gong, alltid ei utolmodig sjel! Ein kan vel seie at eg likar utfordringar, og at fleire ting skjer på ein gong. Derfor passar arbeidet som omsetjar meg svært godt, fordi det er alltid nye ting ein kan lære, og det kan vere veldig tidspress. Då gjeld det å ikkje miste hovudet. Det har skjedd opptil fleire gonger at eg har teke på meg fleire oppdrag på ein gong, med korte fristar. Godt for pulsen! Dei fleste som kjenner meg, veit at eg likar å presse grensene for kva eg kan klare, og det får eg i jobben min. Attende til den 4. oktober: Eg hadde registrert firmaet, venta på attendemelding og trudde alt var berre fryd og gaman. Den gang ei; firmaet var diverre ikkje registrert, ups! Etter ein del om og men, vart AASEN SPRÅK & SPRELL endeleg registrert som enkeltpersonføretak!

Hausten og vinteren 2017 gjekk eg på etablerarkurs for nyoppstarta bedrifter, i Sogndal. Der lærte eg mykje om mangt, blant anna at seljarane renn ned telefonen din når du har starta ny verksemd. Eg tok han ikkje seriøst, men kurshaldaren sa det ikkje for moro skuld. Eg har aldri fått så mange telefonar som etter at eg starta firma. Hadde det berre vore friarar, men nei då, med ein gong seljarane har fått ferten i at det er ei ny bedrift med naive eigarar ute og går, så er dei på deg som kleggar.

Ein kveld ringde det i telefonen min, og eg tok han. Eg var sleten, og fekk ikkje heilt med meg kva saka handla om. Fyren masa og mådda, og eg jatta med. Eg hadde no lært at det var det ein skulle gjere,  for så å legge på. Han snakka om firmaformer, korleis det eine var betre enn det andre, skattefrådrag og gud veit kva meir. Før eg visste ordet av det, hadde eg gått med på ein avtale om å gjere mitt trygge, sikre, gratis enkeltpersonføretak, om til noko utanlandsk med base i Storbritannia. Dette kosta sjølvsagt pengar òg. Det var ikkje før eg la på at eg skjønte kva eg hadde gjort. Då raste tankane, eg kaldsveitta og svevde i kjensla av å måtte både spy og uvete (besvime). Eg sov ikkje godt den natta, for å seie det slik. Hadde eg verkeleg køyrt det nye firmaet mitt, mitt kjære AASEN SPRÅK & SPRELL, i grøfta, det fyrste eg gjorde? Var eg verkeleg så ung, dum og ubrukeleg som Boss Lady? Etter rådføring med assistenten som var på vakt, fann eg ut at eg laut rette opp i fadesen. Det vil altså seie; ringje til fysaken som hadde gjeve meg tilbodet. Det var fyrste gong eg tok innover meg rollen som adm.dir og makta han har. Nervøs som berre juling, gjorde eg meg streng og myndig og sa til klovnen at han hadde ver så god å reversere avtalen, og rive sund papira. Og det fungerte! Krisa var avverja, og dagleg leiar kunne atter ein gong puste med bruk av begge lungene. Det gode var at eg lærte noko av heile den kalamiteten; ver veldig på vakt, ikkje ver for godtruande. Får du eit tilbod som verka for godt til å vere sant, så er det oftast det. Det gagnar verken deg eller verksemda di å stole for mykje på alle som ringjer.

Medan alt dette stod på, dreiv eg samstundes å valde ut logo, starta Facebook-side og prøvde å få oppdrag. Eg sende sikkert 40, 50 e-postar, skreiv vent om meg sjølv, at trass i mangel på erfaring, var eg pliktoppfyllande og ivrig etter å hjelpe og lære. Eg registrerte meg både her og der, opp og ned og i mente. Likevel lét oppdraga vente på seg. Då var det mi kjære syster som vart redninga. Ho skulle skrive oppgåver i samband med masteroppgåva i Oslo, og trong hjelp til korrekturlesing. Dei var både artige og interessante lesnader, samstundes som dei baud på litt språkleg snacks. Etter at desse jobbane var gjort, så løyste det seg med dei firmaa som eg hadde skrive til. Då fekk eg oppdrag frå både det eine og det andre, og eg er no fast registrert hos Amesto Translations, Sandberg Translation Partners (STP) og Lionbridge, i tillegg til at eg også har direktekundar.

No lurar sikkert lesarane på korleis eg jobbar når eg set framme på Industribygget og knatra på tastaturet mitt. Eg har ikkje mindre enn tre skjermar som eg arbeidar på, der den til venstre er liggande, medan dei to andre er ståande, slik at eg kan lese teksten som eit ståande A4-ark. Kva er føremålet med desse skjermane, bortsett frå at det heile ser fett ut? Viss eg har oppdrag frå direktekundar, så brukar eg dei to ståande, der eg har målteksten på skjermen i midten, og kjeldeteksten til høgre. Viss eg har oppdrag frå firma, så førekjem det heile på ein annan måte. Då får eg enten oppdrag på e-post, eller via ulike portalar som eg er registrert i. Derifrå opnar eg fila i omsetjarprogram, som til dømes SDL Trados, Memsource og MemoQ. Då brukar eg berre den eine skjermen, sidan programmet allereie har delt teksten inn i kjeldetekst og måltekst. Så kan eg gå i gong med omsetjinga, og oppe i høgre hjørna har programmet generert svaralternativ som kan brukast. Mange av desse står det MT på, altså Machine Translation, og då kan ein jo tenkje seg korleis kvaliteten er. Hint: Google Translate. Desse må ofte jobbast grundig med. Dei som det står tal på, som 72, 89, og så vidare, treng ikkje så mykje gjennomgang, og dei på 98, er nærast perfekte. Ofte endrar desse tala seg etter kvart som eg jobbar med segmenta og godkjenner dei. Etter at alle segmenta er godkjende, må det heile gjennomgå ein kvalitetssjekk. Dette tek ofte laaaaaaaaaaaaaaaang tid, fordi programmet fangar opp kvar minste detalj, noko som sjølvsagt er ein god ting. Kvart ekstra mellomrom, manglande punktum eller manglande tagg (merkelappar som står på kvar side av ord som skal klikkast på når det heile skal sendast ut på verdsveven, som til dømes KLIKK HER), vert fanga opp. Når dette er gjort, er det berre å sende det heile av garde. Så var jobben gjort og likeeins var den teorisoga over for i kveld.

For ei veke sidan feira AASEN SPRÅK & SPRELL eitt år, noko som eg er skrekkeleg stolt over, og ikkje er redd for å sei. På måndag kom ho mor med kake og roser til meg på jobben. Stolt mor, som ho sa. Ja, for sjølv om eg og alle dei rundt meg hadde trua, så var det ikkje sjølvsagt at det skulle verte ein suksess. Ein veit aldri, ein må vere modig og «gutse». Men AASEN SPRÅK & SPRELL har til no hatt 40 oppdrag, innan sjangrar som medisin, teknisk, juss, akademisk, turistinformasjon, kommersielt (salsvare), songar, IT og datahjelp, og møbel- og interiørdesign. Og meir skal det bli! Og sjølv om det er so som so med nettsida mi endå, så må de hugse på Roma: Roma vart heller ikkje bygd på ein dag.

Det er altså ikkje berre-berre å styre skuta sjølv, men jammen er det godt òg, om ein berre tek ein dag om gongen, for firmaet mitt er her for å verte verande! Bruk det!

Merete Aasen

Dagleg leiar/ frilans omsetjar i AASEN SPRÅK & SPRELL

Telefon: 91586048

E-post: merete@aasen.cx

De finn meg òg på Facebook, som sagt.

Denne teksten har óg vore publisert i Jostedal Skule- og bygdeavis og Lustranytt, for sesongen 2018.

Kommentarer

Legg igjen en kommentar